Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Arbeidersamfunnet og Oslo (lørdag 6. mars 2010). Les mer om roperten…

Ta standpunkt for likeverd og likestilling - marker den internasjonale kvinnedagen!

Enkelte stadar i verda vert jenter og kvinner behandla annleis enn gutar og menn. Dette ynskjer Norsk Folkehjelp Ungdom å gjere noko med!

Den internasjonale kvinnedagen vart markert for fyrste gang i 1909 i samband med kvinner sin kamp for stemmerett. Og i 1975 vart 8. mars etablert som den internasjonale kvinnedagen av FN. Sidan denne gang har markeringar over heile verda sett likeverd og likestilling mellom kvinner og menn på dagsorden.

Til trass for at nokre land har hatt ei positiv samfunnsutvikling der både kvinner og menn kan utnytte sitt potensial – så gjenstår det også mange utfordringar. Ein nyleg publisert FN- rapport syner til dømes at hiv/aids no er den vanlegaste årsaka til sjukdom og død blant unge kvinner på verdsbasis. Rapporten ser også ein klar samanheng mellom hiv- smitte og kvinna si rolle i samfunnet. Arbeidet med å stoppe vald mot kvinner er difor eit viktig middel i kampen for å stoppe spreiinga av hiv/aids og for å auke kvinner si muligheit til å aktivt vere med på å forme samfunnet.

Norsk Folkehjelp Ungdom ynskjer å medverke til å endre dei maktstrukturane i samfunnet som hindrar menn og kvinner i å ha like rettar. Vi ynskjer at alle skal kunne delta i samfunnet på like premiss, at likelønn skal verte sjølvsagt og at vald og diskriminering av jenter skal ta slutt. Korleis kan vi medverke til dette? Jo, vi kan ta standpunkt og klart demonstrere kva vi meiner. Eg vil difor oppmuntre alle medlemar i Norsk Folkehjelp Ungdom til å oppsøke sitt lokale arrangement, delta med parole i 8.mars – toget, halde appell eller skrive eit lesarinnlegg. Kvinnekamp er solidaritet i praksis – bli med!

Solveig Igesund, leiar i Norsk Folkehjelp Ungdom

Vist 366 ganger. Følges av 1 person.

Nye bilder