Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Oslo og Arbeidersamfunnet (tirsdag 24. august 2010). Les mer om roperten…

Fadderuka i Bergen sørget for 1,5 km minefri skolevei i Sør-Sudan

Det er ikkje berre festing og spetakkel som har prega fadderveka på Universitetet i Bergen. Fredag 20. august hadde nemleg Norsk Folkehjelp Ungdom Bergen ein innsamlingsaksjon i samarbeid med fadderveka på det samfunnsvitskapelege fakultet.

Pengane frå innsamlingsaksjonen skulle gå til minefri skuleveg i Sør-Sudan. Dette såg ut til å motivere studentane, som møtte opp i hopetal. Etter eit kort foredrag for fullt auditorium om Norsk Folkehjelps mineryddingsarbeid og situasjonen i Sør-Sudan fekk kvar faddergruppe delt ut eit par bøsser kvar. Oppfordringa om å vere kreative og innsatsfulle gjekk rett heim hos studentane, og ein kunne både sjå plakatar, bli servert kaker og høre slagord i Bergens

gater. Etter intensive ein og ein halv time med innsamling var aksjonen over og bøssene tilbake. Opptellinga viste at studentane hadde klart å samle inn 30 000 kr. Eit fantastisk resultat som gir 1,5 km med minefri veg i Sør-Sudan.

Klikk her for å se innslag om innsamlingsaksjonen på student-TV

Vist 343 ganger. Følges av 3 personer.

Kommentarer

Så utrolig bra! Er imponert!

Hurra for Norsk Folkehjelp Ungdom Bergen – og ikkje minst flinke studentar på SV-fakultetet. Dette var eit kjempebra resultat! :)

Nye bilder