| Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Arbeidersamfunnet og Oslo (tirsdag 10. mai 2011). Les mer om roperten… Solveigs 1.mai appellLeder for Norsk Folkehjelp Ungdom, Solveig Igesund, holdt appell på Youngstorget 1. mai. Her kan du lese appellen:
Kameratar, Kven er det som forandrar verda? Jo – det gjer folk. Det er folk som oss som har forandra og forma Noreg. På same måte er det vanlege folk som forandrar verda, anten det er på Vestlandet, i Groruddalen, i Libanon eller på Gaza. Norsk Folkehjelp er fagbevegelsen sin humanitære solidaritetsorganisasjon, og eg er stolt leiar av deira ungdomsorganisasjon. Kvart år så har vi ein 1.mai-aksjon, saman med LO, Arbeidarpartiet, SV og dei tilhøyrande ungdomsorganisasjonane. I år så set vi fokus på dei palestinske flyktningane i Midtausten og deira kamp for å få sine rettar anerkjent. Overfire millionarstatslause palestinarar lev i dag i Midtausten, etter 62 år i eksil. Dei flykta frå heimane sine under krigen som leia til og fylgde opprettinga av staten Israel. Sjølv om deira rett til å vende tilbake er slått fast av FN, nektar Israel dei dette. Og i samfunna der flyktningane har levd i mellomtida, har mange av deira grunnleggande rettar vorte tråkka på. Mange palestinske flyktningar føler seg tilsidesett i dei storpolitisk prosessane. Verdssamfunnet har vist lita vilje til å setje deira rett til å vende tilbake på dagsorden. I dag syns flyktningane sin draum om dette fjern. Det er difor behov for eit auka fokus, både på dei palestinske flyktningane sine rettar, deira daglege utfordringar og auka støtte tildeiramobilisering forsisak. Norsk Folkehjelp har arbeida i dei palestinske flyktningleirane i Gaza, Vestbredda og Libanon i ei årrekkje. Vi arbeidar for at palestinarane skal få ein lettare kvardag og for deira kamp for rettferd. Libanoner det landet der palestinske flyktningar i aller størst grad har vorte utsett for diskriminering. Utan tilgang til offentlege tenester, fråteke retten til å delta i arbeidslivet og til å eige eigedom. Mange år med borgarkrig og fleire israelske invasjonar har gjort forholda i Libanon svært vanskelige. Det er dei framleis. I august i fjor, etter lang tids mobilisering blant flyktningane og deira organisasjonar, vedtok parlamentet i Libanon ei endring av lova som skal gi palestinske flyktningar rett til arbeidsløyve. Norsk Folkehjelp har støtta dette påverknadsarbeidet aktivt. Men folk kan forandre verden, også i Libanon. Lovendringa viser at det nytter for flyktningane å kjempe for eit betre tilvære, i påvente av å få utøve sin rett til å vende tilbake. Ein vind av endring bles no over Midtausten. Gamle regime fell og folk viser at de kan forandre sine samfunn. Også i Palestina ser folk at det nyttar å organisere protest. Tusenvis har vore i gatene, både på Gazastripa og Vestbredda, for å krevje at palestinske leiarar samlar seg om felles politikk under felles leiing. Protestane er også her organisert av ungdom, med Facebook som våpen. Onsdag kveld kom meldinga om at ei avtale om samling har vorte inngådd mellom Fatah og Hamas. Dette var til stor glede for palestinarar flest – og viser, at engasjement, det nytter! Norsk Folkehjelp Ungdom meinar at den norske regjeringa no må anerkjenne ei palestinsk samlingsregjering, støtte den økonomisk og jobbe aktivt for at palestinarane saman kan stå samla om sine krav. Dei palestinske flyktningane må vere øvst på dagsorden når Noreg no skal engasjere seg i morgondagens Midtausten. I Oslos gater går det no rundt folkehjelparar med bøsser – legg på ein slant, støtt 1.mai-aksjonen, og husk – at ”saman så forandra vi verda!”
Vist 189 ganger. Følges av 1 person. | ||