Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Arbeidersamfunnet og Oslo (torsdag 2. februar). Les mer om roperten…

Vil du vere tillitsvalt i Noregs tøffaste ungdomsorganisasjon?

Den 20.-22. april 2012 skal Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom avhalde sitt aller fyrste årsmøte, og vi i valkomiteen har fått æra av å finne flotte og engasjerte kandidatar for tillitsverv i perioden 2012-2013. Er DU ein av dei?

Å ha sentrale tillitsverv i Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom er ei fantastisk erfaring å ta med seg vidare i livet, i tillegg til å vere givande, lærerikt og morosamt! Valkomiteen skal innstille kandidatar til ungdomsstyret og ny valkomité og vi ynskjer å kome i kontakt med alle som kunne tenke seg å stille til val eller som har forslag til gode kandidatar. Her kan du lese litt meir om dei ulike verva:

Ungdomsstyret
Består av leiar, nestleiar og tre styremedlemar, samt to vararepresentantar. Alle er valt for eitt år, med muligheit for omval. Medlemar av styret kan bu kor som helst i landet. Leiaren av ungdomsstyret representerer NF Solidaritetsungdom i Norsk Folkehjelp sitt styre. Ungdomsstyret er det øvste organet mellom årsmøta og har ansvar for å følgje opp det som medlemane i NF Solidaritetsungdom bestemmer. Som tillitsvalt i ungdomsstyret vil du få ansvar for å følgje opp ungdomslag og grupper og du vil vere med på å utforme spanande kampanjar, konferansar og politiske utspel. Er du engasjert og liker å ta ansvar, vil eit tillitsverv i ungdomsstyret vere midt i blinken for deg!

Krav til leiar:
- god skriftleg og muntleg framstillingsevne
- interesse for organisasjonspørsmål
- god kjennskap til NF Solidaritetsungdom sin politiske plattform og verdiar
- vere glad i å snakke for forsamlinger
- kunne lede andre og ta sjølvstendige beslutninger
- vere innstilt på å bruke 8-14 helger i året på møter/reising

Krav til styremedlemar:
- god skriftleg og muntleg framstillingsevne
- kjennskap til NF Solidaritetsungdom sin politiske plattform og verdiar
- evne til å tenke kreativt og jobbe i team
- vere innstilt på å bruke 6-8 helger i året på møter/reising

Valkomité
Er valt for eitt år og består av leiar og tre medlemar. Hovudoppgåva til valkomiteen er å finne flotte tillitsvalte for neste periode (2013-2014). Medlemane i valkomiteen skal ikkje sitje i sentrale verv i Solidaritetsungdom og skal heller ikkje vere på val. Ein person i valkomiteen skal representere Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom sine samarbeidspartnarar, til dømes frå fagbevegelsen eller eit ungdomsparti.

Vi i valkomiteen har altså i oppgåve å finne kandidatar til desse verva, men det er ungdom som skal velje ungdom, på Solidaritetsungdom sitt årsmøte den 20.-22. april. Ta kontakt med oss i valkomiteen om du har spørsmål, har lyst å stille til val, eller har gode forslag – vi er ikkje skumle og blir veldig glade om vi høyrer frå deg! FRIST FOR INNSPILL ER 1.MARS

Send e-post til leder av valkomiteen på solveig.igesund@gmail.com eller ta kontakt direkte med komiteemedlemmene:

Solveig Igesund, tlf: 97035654
Lovisa Pedersen, tlf: 41694710
Christina Beck Jørgensen, tlf: 93248568
Kari Eliassen, tlf: 95146128

Med solidarisk helsing,

Valkomiteen
Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom (2011-2012)

Vist 133 ganger. Følges av 1 person.

Nye bilder